Åreknutar

Sprengte blodkar

Sprengte blodkar eller spengte blodårer er omgrep som betyr det same og vert nytta om ein annan.

Kjemisk sklerosering

Dette er ein gamal og velprøvd metode. Den er mest aktuell for behandling av sprengte blodkar (telangiektasiar), mindre åreknutar og rest-åreknutar etter tidligare behandling.
Klinikk Førde nyttar Aethoxysklerol (inneheld polidocanol). Skum laga av Aethoxysklerol er mest effektiv på dei litt større åreknutane. Ved sprengte blodårer av mindre kaliber nyttar vi flytande stoff. Bedøving trengst ikkje.

Foto syner før og etter behandling.

Innsprøytinga utførast med tynnast mogleg kanyle og pasienten kjenner hudstikk, men ellers ingenting når stoffet vert injisert i vena. Merk: Om stoff sprøytast utanfor vena kjennast ein svie, og det kan oppstå sår.
Det seier seg sjølv at dess mindre diameter på vena, dess vanskelegare er det å komme inn i vena, men Klinikk Førde har lang erfaring og høg kompetanse med dette.

OBS

Før beheandling vert bestemt er det viktig med vurdering av speislaist i denne type kirurgi.

Utvendig laser

YAG-laser og diodelaser er ytterligare supplement til metodane nemnt førut.
Utvendig laser er hos oss mest aktuelt ved dei aller finaste årane.
Nokre klinikkar nyttar utvendig laser også ved større diameter. Denne type laserbehandling er meir smertefull dess større diameter vena har. Metoden er minst like tidkrevjande og ingenting tyder på at den er meir effektiv enn sprøytesklerosering. Snarare er det omvendt.