Acne – Acnearr

Lysbehandling mot akne

IClearXL-apparatet genererer lys i det blå – eller røde og infrarøde området av spekteret. Dei to bølgelengd-områda supplerer kvarandre. Dei har optimal effekt på ulike stadiar i akneprosessen.

Blått lys

Dette lyset drep propyonebakteriar (propyonebacterium acnes). Effekten inntrer etter kortare behandlingstid enn ved andre behandlingsmetodar, og dermed reduserer ein faren for aknearr. Inflammatorisk akne vert bedre i løpet av ein månad. Dei fleste med aktiv akne kan behandlast. Vi ser svært gode resultat på mild til moderat akne. Pasientar med fotosensitivitet bør vere forsiktige.

Kvar behandling tek ca 45 min. Pasienten sit i ein behageleg kvilestol. iClearXL-lyset vert retta mot den eine sida av ansiktet og etter 15 – 20 min byttar ein side. Lyset gir varme. Vifta i apparatet gir ein moderat suselyd, men høyretelefonar eller ørepropp under behandling kan nyttast.

Det er vanleg med 8 behandlingar i løpet av 4 veker. Nokre treng å forlenge med eit par behandlingar veka etter for å oppnå eit best mogeleg resultat. Det bør gå minimum 2 dagar mellom kvar behandling, men ikkje lengre tid enn at ein rekk 2 gonger i veka. Det er viktig at programmet vert gjennomført utan lengre avbrot. Etter avslutta lysbehandling bør pasienten følgje eit vedlikehaldsprogram for å sikre eit varig godt resultat.

Vitskapeleg dokumentasjon finnes på klinikken for dei som er interessert i det.