Hudfornying

iClear XL

(rødt og blått lys)

Denne lysbaserte teknologien har blitt utvikla for optimal pasientsikkerheit. Lyset gir varme, auka blodsirkulasjon og stimulerer cellene i underhuda til fornying.

Det raude lyset har vist seg å ha effekt på porer, fine rynker, tørr og sår hud, eksem, rosacea og arr.

Gjennom livet er det ein naturleg balanse mellom kontinuerlig avstøyting av døde hudceller frå overflata og nydanning ved celledeling i basallaget. Ein faktor i aldringsprosessen er redusert blodsirkulasjon, noko som i sin tur gir mindre surstoff til huda. Aldrande hud får m.a. ein del skadde celler, samt at celledelinga går tregare.

Synlege teikn på aldring er gulbrune og ujevne pigmentflekkar, fine linjer, store porer, redusert elastisitet og slapp hud. Resultatet er grå og livlaus hud.

iClearXL-teknologien nyttar ei balansert blanding av blått og rødt lys for optimal effekt.

I aldrande hud er det påvist såkalla mikroinflammasjon (inflamaging) rundt cellene. Ytre, skadelege faktorar som sollys er medvirkande. Det blå lyset reduserer denne mikroinflammasjonen.

Det raude lyset fører til at blodsirkulasjonen aukar, huda tilførast meir oksygen og vert vitalisert. Lysbehandling vil ha mindre effekt på pigmentflekkar og ingen effekt på cuporose. Eit par behandlingar med IPL vil vere meir effektivt på slike tilstandar. Deretter kan ein halde fram med rødt lys for ytterlegare hudforbedring.

Bildet viser før behandlinga – undervegs i behandlinga og etter 1 mnd

Lysbehandling kombinert med overflate-peel, antioxidantar og hudkrem gir godt resultat. Vi anbefaler 2 behandlinger pr veke. Som oftast ser vi eit godt resultat etter 2 – 3 veker. Etter fullført behandling vil pasienten få ei sunnare hud med friskare glød. Behandlinga er avslappande og pasienten kan umiddelbart gjenoppta daglege gjeremål.