Solskadd hud

Om solskadd hud

Ultrafiolett stråling (UV) står for 80 % av all hudaldring.
Hudkreft, pigmentflekkar, sprengte blodkar og grov, porete og tjukk hud kan i hovedsak tilskrivast ufornuftig soleksponering.

Kvifor er sola farleg?

UV stråling er ein del av dagslyset. Vi har tre typer UV: UVC, UVB, UVA. Dei mest skadelige er UVC, men ozonlaget i atmosfæren absorberer desse. UVB påvirker mest det ytterste laget av huda og gir den etterlengta brunfargen. UVA er farlegast for oss då dei går ned i mellomskiktet av huda (dermis) og starter ein prosess med danning av frie radikaler som fører til overproduksjon av nedbrytende enzym som skader hudcellene. DNA skades, og nye celler som dannes heretter, produserer nye skadde celler. Resultatet vert tørr, slapp og rynkete hud med brune flekkar og sprengte blodkar. “Inflammaging” er eit nytt medisinsk uttrykk som har komme og no nyttast av hudspeialistar. Begrepet femnar ein låggradig og kronisk betennelsestilstand i huda.

Naturlig vitamin A i huda er nødvendig for normal utvikling og nydanning av friske celler. Tilførsel av vitamin A er derfor nødvendig for stimulering og fornying av solskadd hud. Dei sterkaste kremane som tilfører vitamin A er reseptbelagte.

Tilførsel av antioksydanter er også viktig. Dei bremsar skadelege effektar av frie radikalar. For å hjelpe mot inflammaging har ZO lansert eit nytt antioksydant-produkt kalt Illuminating AOX Serum ZO samt ein oppdatert versjon av Daily Power Defense.

Bruk av antioksydanter er like viktig som bruk av solkrem. Det er eit problem at mange smører for tynt og for sjeldan. Det kan gje ei falsk kjensle av tryggleik

Hudkreft

Norge er nr 2 i høve folketalet (New Zealand først) når det gjeld føflekk-kreft. Pr år dør ca 350 pasientar og det oppdagast rundt 1.700 nye tilfelle.
Stadig yngre får denne alvorlege diagnosen. Eit forbud mot solarium for personar under 18 år kom i 2013.
Solarium er 10 til 15 gongar sterkare enn vanlig sol og 20 timar i solarium tilsvarer omlag 1,5 år med normal soleksponering.
Personar med lys hud som soler seg intenst i korte periodar har størst risiko for å få hudkreft.
Ei einaste kraftig solforbrenning seiast å doble risikoen for å få føflekk-kreft!

Har du mistenkelege føflekkar bør du følge med og evt sjekke hos hudlege med dermatoskop:

  • A – asymmetri?
  • B – border/ujevne kanter?
  • C – color/ forskjellig farge?
  • D – diameter / størrelse- vekst?

Har du ein eller fleire flekker som skil seg frå dei andre, og du kan svare ja på spørsmåla ovanfor, skal du ikkje vente med å gå til legen.

Photorejuvenation – Hudfornying med IPL

Med IPL (Intense Pulsed Light) vert laga i overhud og underhud stimulerte.
Huda vert fornya samtidig som djupare vev vert tilført nyttig varmeenergi.

Klinikk Førde tilbyr behandling av forskjellige hud-tilstandar som t.d. solskader, solskapte fregner, raud irritert hud, cuporose, fine sprengte blodårer i ansiktet, pigmentflekkar og rosacea. Vi har høgkvalitets Quantum IPL som leverer eit lys som virker godt på fleire av dei nemnde tilstandane. Lyset er nøye kalibrert og kan stillast inn slik at det tar både blodkar og pigmentflekker i ei og same behandling.
Tek ein fleire behandlingar er det antatt at lyset også kan ha ein generell oppstrammande effekt på hud og underhudsvev. Effekten varierer etter huda si evne til å regenerere. Behandlinga kan tilpassast den einskilde m.o.t. problem og hudtype. Den egnar seg dårlig på mørk hudtype.

Korleis gjennomførast behandlinga?

Gel vert smurt på huda som skal behandlast.  Når lyspulsen skytast kjennast kjennast det som snerten av ein gummistrikk. Ein vil og kjenne varme.

Før behandling (1), like etter behandling (2) og 3 veker etter behandling (3)

Korleis virker behandlinga?

Rødt eller brunt pigment i arr, sprengte blodårer og brune pigmentflekkar er målet for behandlinga. Mange er godt fornøgd etter ei behandling, medan andre vil ha 2-3 behandlingar for å optimalisere resultatet. Dei oppnår dermed effekt også i djupare hudlag over tid.

Lyset vert omdanna til varmeenergi i huda. Fibroblast-cellene. Synleg effekt i form av spenstigare hud ser ein vanlegvis etter 3-4 behandlingar, men effekten varierer. Allereie etter 1-2 behandlingar ser ein effekt hos dei som responderer best.

Når det gjeld behandling av enkeltståande pigmentflekkar eller ”spiders” kan det vere bedre med diodelaser.
IPL behandlingar høver best på ansikt, hals, bryst og hender. IPL kan også ha effekt mot rødming.
Behandlinga har minimalt med biverknader. Behandling av heile ansiktet tek ca 40 min. Behandling av pigmentflekker på begge hender tek ca 30 min.

Viktig

Kvaliteten på IPL maskiner varierer stort.
Legeklinikkar har det beste utstyret og den høgste kompetansen.

IPL

DU MÅ UNNGÅ SOLING, SOLARIUM, SJØLBRUNINGSKREM OG BRUNINGSTABLETTAR 3 VEKER FØR OG ETTER LASERBEHANDLING. DERSOM DU OPPHELD DEG UTANDØRS MÅ DU BRUKE HØG FAKTOR I DENNE PERIODEN. DU KAN DERETTER SOLE DEG, MEN HUGS AT SOL ALDRER HUDA.
MÅTEHALD ER FORNUFTIG FOR Å BEVARE HUDA SUNN OG FRISK LENGST MOGLEG.