Åreknutar

Endovenøs laserbehandling

Laser er ein av fleire metodar der varme øydelegg vena, men den vert ikkje fjerna som den vert ved kirurgisk stripping. Varmemetoder gjer at vena og blodet vert “kokt”. Vena med det kokte blodet inni vert av kroppen oppfatta som det brannskada og daude “arret” det er og over tid vil kroppen sine “renovasjonsceller” (m.a. kvite blodlegemer) “ete opp” det meste og etter eit år syns berre ein tynn arrstreng på ultralyd.

Metoden går ut på å føre ein laserfiber via ein kanyle inn i den defekte tilførselsvena. Oftast er det i vena saphena magna (vsm) ved kneet. Fiberen føres så opp inni vsm til lysken. Det blir gitt lokalbedøving. Posisjonen av fibertuppen kontrollerast med ultralyd. Laseren vert aktivert og det intense laserlyset strålar ut. Lyset rekk ikkje lenger enn nokre få mm i det raude blodet. Varmen vert forplanta til veneveggen som også vert øydelagt. Fiberen blir så trekt nedover med jamn fart.

Dei fleste pasientane har som nemnt klaffesvikt i vsm. Hos nokre pasientar er kjelda til åreknutar på leggen klaffesvikt i den bakre leggvena, vena saphena parva (vsp). Denne munner inn i det djupe venesystemet i knehasen. Når pasienten skal ha behandling mot vsm må han eller ho ligge på magen.

Etter behandling kan det komme litt blod ut langs den behandla vena og dermed forbigåande misfarging i huda langsmed, men jamnt over mindre enn etter kirurgisk stripping (sjå under). Pasienten vil kjenne noko stramming og ubehag etter ein til to dagar – og opp i ei veke. Som oftast er det ikkje noko problem og ein er i normal aktivitet. Som regel trengst ikkje sjukmelding. Nokre vil trenge smertestillande.

Klinikk Førde kan som einaste privatklinikk i Sogn og Fjordane tilby denne metoden.

Vena vert sett ut av spel når den vert utsett for ein slags “kontrollert brannskade”.