Rynkebehandling

Fraxellert Co2-laser

(FRxCO2) MedArt® 620 intenz – (10600 nanometer)

Behandlinga passar for rynkete hud, arr, store porer og pigmentflekkar. Behandlings-prinsippet med alle typer hudlaser er å påføre huda ei form for kontrollert, overfladisk brannskade.  Dette fjerner død overhud samtidig som dei djupare laga i huda blir stimulert til å danne ny overhud (epidermis).

Obs: Den oppstrammande effekten kan ta fleire månader!

Fraxellert Co2 laser med scanner

Denne må ikkje forvekslast med “Fraxell- laser” som er utan CO2 effekt!
Laser-strålane vert sendt ut som mange ultratynne lysstrålar i eit regelmessig mønster over eit større felt. Det kan samanliknast med å lyse gjennom ein sil. Fraxellert CO2-laser er dermed sikrare fordi den ikkje gir samanhengande skade av heile hudpartiet. Avlevert energi er standardisert. Tilhelinga går raskare og gir svært sjeldan pigmentendringar om ein er forsiktig med soling 3 mnd etter behandling.

Bildet til venstre viser rynker på overleppe før behandling.
Bildet til høgre er etter behandling med FrxCo2, CO 2 laser og Restylane.

Behandlinga

Vi nyttar bedøvingskrem 30 min før.
Pasienten kjenner ei stikkande varmekjensle, som varer om lag ein halv time (noko lengre på bryst og hals). Tal behandlingar avheng av kva problem som skal behandlast, hudtype, styrken ein bruker og kor djupe rynkene er.
Djupe rynker, t. d. på overleppa, treng fleire behandlingar og gjerne i kombinasjon med CO2-laser pga tjukk hud (hyperkeratose).

OBS: Co2 behandling under auger

Rein Co2- beh av dette hudpartiet (som vart mykje brukt for 15-20 år sidan) har vist seg dårlig eigna pga tynn hud og risiko for å få varig pigmentendring.
Med FRxCO2 kan vi variere behandlingsareal og intensitet. Heil hud gjenstår mellom dei bestrålte punkta og gjer at tilhelinga går raskare. Dei bestrålte ”brennpunkta” er mikrosår som ved tilheling resulterer i ei viss hudoppstramming.

Tilheling

Etter behandling vert huda raud og varm og kan bli hoven ein dag eller to. Kor mykje opphovning og skorper som kjem er avhengig av intensiteten i behandlinga. Skorpene fell av etter 5 – 10 dagar.  Etter sterk behandling kan huda vere raudleg i 2-3 månadar.

Kan brukast på dei fleste kroppsregionar

Fraxellert CO2 laser kan nyttast på dei fleste kroppsregionar og eignar seg for:

  • Moderat slapp og rynkete hud på ansikt, under auger og ”kråketær”
  • Arr og aknearr
  • Store porer
  • Melasma og pigment-flekker
  • Rynker,  t.d. overleppe
  • Strekkmerke
  • Oppstramming av hud på hender, hals og bryst