Åreknutar

Kirurgisk behandling

Stripping kan og gjerast for å sanere hovedstammane vsm og vsp. Det er ein over 100 år gamal og velprøvd metode som framleis brukast i spesielle tilfelle. Som nemnt tidligare er dei synlege åreknutane som plagar folk aller oftast utviding og forlenging av sidegreiner avgåande fra ei kjelde eller ei foringsvene som ikkje syns utafrå.  Her kjem ultralydundersøking inn. Oftast er kjelda vsm, som ein god nr 2 vsp.

Ved stripping vert vena trekt ut og fjerna ved hjelp av ein såkalla strippar. Dette er ein halvstiv elastisk sonde, eller streng. Som ved laser-behandling er det oftast lår-delen av vsm som vert behandla. Ein må legge eit snitt i lysken og eit lite snitt på innsida av kneet. Stripping kan gjerast med same type lokalbedøving som ved varmebehandlingar.

Det er ikkje mogeleg å føre nokon fiber eller streng inn i dei krøllete åreknute-sidegreinane som er nemnt over.  Ofte fell åreknutane saman etter at hovekjelda er eliminert. Men i kanskje hallvdelen av tilfella finst der andre forsyningskjelder / sidegreiner som kan fylle åreknutane med blod. Derfor supplerer vi oftast med kirurgisk uttrekking av dei mest synlege åreknutane, såkalla flebektomi (fe). Dette kan utførast via korte hudstikk som etterlet seg knapt synberre arr.