Solskadd hud

Fjerning av pigmentflekkar

Metodar

  1. IPL (Intence Pulsed Light)
  2. Diodelaser 810 nm

Pigmentflekkar på ansikt, hender og bryst fjernast med IPL eller diodelaser 810 nm.
Enkeltståande flekkar vil stort sett gå bort etter 1-2 behandlingar. Generelt må ein rekne med at dess større flekk, dess fleire behandlingar trengs. Rett etter behandlinga vert flekken mørkare før den gradvis går vekk etter 1- 2 veker. Enkelte gonger vert det danna litt skorpe der flekken har vore.

Dersom det ligg blodkar like under flekken kan desse verte blå (dei koagulerer) men vil gå bort etter om lag ei veke.
Om det er flekkar på større felt må heile området behandlast 1- 3 gonger.
Ved pigmentflekkar på brystet føreligg ofte også raude flekkar og solskader. I slike tilfelle vil det vere mest tenleg å behandle heile området med hudforbedringsprogrammet ”Photo Rejuvenation”.

Pigmentflekkar før behandling og etter 2 IPL-behandlingar

Pigmentleppe

Med dette meinast ein mørk pigmentering rundt munnen. Dette oppstår som oftast etter soling og kan behandlast med IPL. Ein må pårekne opptil 3 behandlingar.
Fregner vil kunne reduserast og bli lysare etter IPL-behandling.

Pigment på hender

”Pigmenthender” treng ofte berre 1 eller evt 2 behandlingar, men det forutset at ein ikkje har utsett hendene for sol dei siste 3 vekene før behandling.

Viktig

Unngå soling, solarium og solbruningskrem på området som skal behandlast min 3 veker før behandling. Etter behandling og ved opphald i sol må høg faktor nyttast (min 20) Det beste er full tildekking av dei behandla områda. Først etter to veker kan du eksponere deg som normalt, men husk at overdriven soling skapar nye flekkar!
Dersom berre enkeltståande flekkar skal fjerna kan dette gjerast sjøl om ein har solt seg.

Tryggleiksreglar

Det kan vere vanskelig å skilje godarta pigmentflekkar frå suspekte føflekkar. Ved mistanke vert det teke vevsprøve av flekkane eller vi henviser til hudlege for undersøking. Behandling må sjølvsagt vente til prøvesvar foreligg.