Åreknutar

Om åreknutar

Åreknutar, eller varicer, er unormal utviding og forlenging av dei blodårene som kallast vener.
Klinikk Førde tilbyr spesialist-vurdering av karkirurg med lang røynsle i behandling av varicer og sprengte blodkar.
Behandlinga tilpassast individuelt.

Vi har komplett tilbod med

  • ultralyddiagnostikk
  • endovenøs laserbehandling
  • kirurgisk behandling
  • kjemisk sklerosering
  • utvendig laser

Årsak til åreknutar

Venene har som oppgåve å transportere blod frå periferien og til høgre hjartehalvdel.
Når vi står oppreiste skal venene i beina transportere blod nedanfrå og oppover, altså mot tyngdekrafta.

I beina snakkar vi om det djupe – og det overfladiske venesystemet. Når folk snakkar om åreknutar på beina er dei synlege under huda og dei tilhøyrer det overfladiske venesystemet. Vener som har utvikla åreknutar fungerer ikkje normalt lenger og kan betraktas som ei slags unødvendig “bakevje”. Om denne “bakevja” vert fjerna har det vanlegvis ingen ting å seie for den samla kapasiteten for å transportere blod opp fra beinet. Det er det djupe venesystemet som er det viktigaste og som uansett står for storparten av blodtransporten. Eit normalt, friskt djupt venesystemet har svær reservekapasitet.

Normale, friske vener har klaffar som fungerer som effektive einvegs-ventilar som gjer at blodet kan strøyme berre ein veg. I beina frå periferien mot sentrum, altså nedafrå og oppover når vi er oppreiste. Både dei djupe – og dei overflatiske venene har klaffar. I åreknute-vener er klaffane øydelagte.

Normal klaffelfunksjon (t.v.) og sviktande klaffefunksjon

Det overflatiske venesystemet betyr mykje mindre i forhold til transportvolum.
Åreknutar utviklar seg når klaffane i det overflatiske systemet sviktar. I ståande stilling vert venetrykket inne i ei slik vene aukande og over tid kan dette føre til at vena utvider seg i diameter og også vert forlenga.

Den største – og viktigaste vena i det overfladiske vensystemet heiter vena saphena magna (vsm). Den går frå lysken, nedover innsida av låret, i bakkant av kneet, svinger litt framover på leggen og endar ved framkanten av den indre “ankelknoken” (mediale malleol). Om lag 70% av pasientane med primære åreknutar har klaffesvikt i vsm. Resten har klaffesvikt i andre vener.

Vsm ligg djupt i underhudsfettet ned mot muskelhinna (fascien) og er vanlegvis ikkje synleg mot hudoverflata. Ultralyd er avgjerande for sikker diagnostikk. Vsm er hos dei fleste omgitt av ei hinne som forbyr den å “slå krøll” på seg. Dette gjer at den berre får auka diameter og ikkje auka lengd når klaffane sviktar. Åreknutane som sjenerer pasientane utviklast i sidegreiner til vsm og ligg meir overflatisk i laust underhudsfett og dei får ikkje berre auka diameter, men også og sterkt auka lengd. Den auka lengda gjer at dei må slå krøll på seg for å få plass og dermed har vi dei typiske åreknutane.

Ei varice-vene som såleis har øydelagt klaffe-apparat har i dei langt fleste tilfelle ikkje lenger nokon funksjon i blodtransporten. Gitt at det djupe venesystemet er intakt kan vi da med godt samvit fjerne åreknutane.

I sjeldne tilfelle er det djupe venesystemet også defekt. Unntaksvis bør vi i slike tilfelle ikkje fjerne åreknutar. Denne vurderinga skal gjerast av spesialist.

Illustrasjon: Lyske (t.v.) og bakside legg.

OBS

Sjukepleiarar som tilbyr sprøytesklerosering har ikkje nødvendig kompetanse for kartlegging av indikasjon – og er ikkje heller utdanna for denne type behandling!