Svettebehandling

Azzalure eller Botox

Behandling med botulinumtoxin er enkel og svært effektivt. Stoffet blokkerer nerveimpulsane til svettekjertlane. Etter ein sveittetest vert væska injisert i små kvanta med 1-2 cm mellomrom med tynn kanyle direkte i det affiserte hudområdet. Metoden er eit alternativ til kirurgisk behandling.

Dei vanlegaste behandlingsområda er:

  • Armholer
  • Handflater
  • Fotsoler

I armholene er behandlinga lite smertefull. Om ein skal behandle handflater eller fotsoler må ein først gi bedøving.
Etter injeksjonen går det 2-3 dagar før stoffet tek til å verka, og opptil eit par veker før ein får full effekt. Effekten held seg vanlegvis i 6-12 månader.

Botox og Azzalure er reseptbelagt. Det er kun leger som kan ordinere legemiddel for medisinsk behandling.
Toggle