Gynekologi

Klinikk Førde (KF) har vore så heldig å få fylkets første privatpraktiserande kvinnelige gynekolog:
Dr Gudny Sando

Dr Sando har jobba på Førde Sentralsjukehuset sidan oppstart i 1980 og har solid erfaring innan sitt fagfelt. Ho jobbar framleis som overlege der, men kjem til KF når det er behov for det.
Pasientar må ringe direkte til klinikken for timebestilling eller sende mail. Ventetida hos Dr Sando på Klinikk Førde er frå 1 til 4 veker.

Vi kan tilby undersøking og behandling innan

  • Gynekologisk undersøking m/ultralyd
  • Celleprøve og bakterologiske prøver
  • Vevsprøve, innlegging/skifte av spiral
  • Klimakterieproblem
  • Blødningsforstyrringar
  • Utgreiing PCO/PCOS