Generell kirurgi

Laserkirurgi

Laserkirurgi mot godarta hudlesjonar gir i blant eit mykje bedre kosmetisk resultat enn tradisjonell kirurgi.
Eksempel er fjerning av mindre vorter, hudfibrom, pigmentflekkar, godarta føflekkar mm.

Laserbehandling av føflekkar er dels omdiskutert og nokre hudlegar er framleis skeptiske. Grunnen til skepsisen er at ein ikkje kan følgje med om det vert teikn til ondarta utvikling. På den andre sida vil tidleg og total fjerning av føflekkar eliminere faren for ondarta uvikling.
Det er ein potensiell risiko for ondarta utvikling i ein føflekk som vert utsett for gjentatt soling og evt solforbrenning over år.

Hudfornying: FrX Co2

Før behandling og 3 veker etter behandling med Co2 og diodelaser

Klinikk Førde gjer ei grundig individuell vurdering.
Ved mistanke vert flekken fjerna kirurgisk eller teke prøve av før evt fjerning med laser.
Alle som har fjerna føflekkar med laser (men også ved frysing osv) må følgje med det behandla området minst eitt år etter behandling. Etter laserfjerning hender det at flekken kjem attende heilt eller delvis, og at det kan bli naudsynt med oppfølging for å fjerne restar. I slike tilfelle og ved minste tvil vert den fjerna kirurgisk så ein kan sende den til histologisk undersøking.

  • Det er kun legar som kan tilby og vere ansvarleg for medisinsk behandling.
  • Sjekk kven som er ansvarleg lege før du vel behandling med laser, IPL og injeksjon.
  • Legeklinikkar har den høgste kompetansen og det beste utstyret.
  • Rimeleg utstyr og manglande kompetanse fører til dårleg resultat og fleire skadar.
  • Klinikkar/salongar utan medisinsk ansvarleg lege har ikkje høve til å behandle med laser klasse 4 og høg- kvalitets IPL.
  • Legane skal vere tilgjengelege for klinikken ved behandling med laser klasse 4.

Dokumentert effekt

Diodelaser (klasse 4) er den som har dokumentert effekt på permanent hårreduksjon.