Sprengte blodårer

Sprengte blodårer eller spengte blodkar er omgrep som betyr det same og vert nytta om ein annan. Teleangiektasier vert også brukt.

Kjemisk sklerosering

Dette er ein gamal og velprøvd metode, og er mest aktuell for behandling av mindre åreknutar, rest-åreknutar eller endovenøs laserbehandling, åreknute-restar etter tidlegare operasjonar og sprengte blodkar.
Klinikk Førde nyttar Aethoxysklerol (inneheld polidocanol). Skum laga av Aethoxysklerol er mest effektiv på dei større åreknutane. Ved sprengte blodårer av mindre kaliber nyttar vi flytande stoff. Bedøving trengst ikkje.
Foto syner før og etter behandling.

Innsprøytinga utførast med tynnast mogleg kanyle og pasienten kjenner hudstikk, men ellers ingenting når stoffet vert injisert i vena. Merk: Om stoff sprøytast utanfor vena kjennast ein svie, og det kan oppstå sår.
Det seier seg sjølv at dess mindre diameter på vena, dess vanskelegare er det å komme inn i vena, men Klinikk Førde har lang erfaring og høg kompetanse på dette området.

Utvendig laser

YAG-laser og diodelaser er ytterligare supplement til metodane nemnt over.
Utvendig laser er hos oss mest aktuelt ved dei aller finaste årane.
Nokre klinikkar nyttar utvendig laser også ved større diameter. Denne type laserbehandling er meir smertefull dess større diameter vena har, metoden er minst like tidkrevjande og ingenting tyder på at den er meir effektiv enn sprøytesklerosering. Snarare er det omvendt.