Kirurgisk behandling

Stripping er ein over 100 år gamal og velprøvd metode som framleis er utstrakt i bruk. I tillegg vert det ofte utført ein del kirurgisk fjerning direkte over dei mest synlege åreknutane.

Ved stripping vert vena trekt ut og fjerna ved hjelp av ein såkalla strippar. Dette er ein elastisk sonde, eller streng. Som ved laser-behandling er det oftast lår-delen av vsm som vert behandla. Ein må legge eit snitt i lysken og eit lite snitt på innsida av kneet. På sjukehus vert både rygg-bedøving og narkose nytta. Sjukmelding er som oftast naudsynt.
Andre vene-segment enn vsm kan og vere aktuelle for stripping.

Kirurgisk tilgang i lysken

På Klinikk Førde utfører vi stripping i lokalbedøving i dei tilfelle der det vert bedømt som mest gunstig.
Direkte kirurgisk fjerning (”lokale ekstirpasjonar”) kan gjerast i lokalbedøving.
Spreia og korte snitt på nokre få cm er tilstrekkelig.