Endovenøs laserbehandling

Klinikk Førde kan som einaste stad i Sogn og Fjordane tilby denne metoden.

Metoden går ut på å føre ein tynn laserfiber inn i den defekte tilførselsvena opp til der denne startar. Det blir gitt lokalbedøving. Laseren vert aktivert og det intense laserlyset strålar ut frå tuppen av fiberen, men lyset rekk ikkje lenger enn nokre få mm i det raude blodet. Fiberen blir trekt nedover med jamn fart. Effekten kjem av at blodet som blir treft av laser-lyset vert akutt oppvarma til 60-65 °. Dette øydelegg sjølsagt blodlegemane og fører til blodlevring. Samstundes blir veneveggen tilsvarande oppvarma og veneveggen vert øydelagt og trekk seg saman. Etter nokre månadar ser vi vena som berre ein arr-streng på ultralyd.

Dei fleste pasientane har som nemnt klaffesvikt i ei stor vene som går frå lysken og nedover på innsida av låret og ned i leggen (vena saphena magna = vsm). Via ein kanyle blir laserfiberen ført inn i vsm ved kneet og opp til utgangspunktet i lysken. Eit stikk i huda på innsida av kneet er ofte alt som trengs, men nokre gonger må eit lite snitt leggjast for å få tak i vena. Det trengs ikkje noko snitt i lysken. Posisjonen av laserfiberen i lysken blir sjekka med ultralyd før behandlinga startar. Etter behandling kan det komme litt blod ut langs den behandla vena og dermed forbigåande misfarging i huda langsmed, men jamnt over mindre enn etter kirurgisk stripping (sjå under). Pasienten vil kjenne noko stramming og ubehag etter ein til to dagar – og opp i ei veke. Som oftast er det ikkje noko problem og ein er i normal aktivitet. Som regel trengst ikkje sjukmelding. Nokre få vil trenge smertestillande.
Den bakre leggvena (vena saphena parva) er nokre gonger kjelde til åreknutar og kan og behandlast med laser.