Om Varicer / Åreknutar

Åreknutar, eller varicer på fagspråket, er unormal utviding av dei blodårene som kallast vener.
Klinikk Førde tilbyr spesialist-vurdering hos karkirurg med lang røynsle i behandling av varicer og sprengte blodårer. Behandlinga tilpassast individuelt.
Vi har eit komplett tilbod med ultralyddiagnostikk, endovenøs laserbehandling, kirurgisk behandling, kjemisk sklerosering og utvendig laser.

Årsak til åreknutar

Venene har som oppgåve å transportere blod frå periferien og til høgre hjartehalv.
Ein kan sei at venene i beina skal transportere blodet mot tyngdekrafta, det vil sei nedanfrå og oppover.

Normale, friske vener i beina har klaffar som fungerer som effektive einvegs-ventilar som ikkje tillet blodet å renne nedover, sjøl om vi står i ro. Både dei djupe – og dei overflatiske venene har klaffar. Det er det djupe venesystemet som er det viktigaste og som står for storparten av transporten av blod oppover.

Det overflatiske venesystemet ligg i underhudsfettet og betyr mykje mindre i forhold til transportvolum.
Åreknutar utviklar seg når klaffane i det overflatiske systemet sviktar. Desse venene ligg i laust underhudsfett og får både større diameter og sterkt auka lengd. Det siste gjer at dei blir liggjande i kraftig slyng og bøy.

Den sviktande vena som forsyn dei synlege åreknutane ligg som oftast djupare og kan i dei fleste tilfelle ikkje påvisast sikkert med kun klinisk undersøking. Her kjem ultralyd-undersøking inn.

Om lag 70% av pasientane med primære åreknutar har klaffesvikt i ei stor vene som går frå lysken – og nedover på innsida av låret og ned i leggen (vena saphena magna). Resten har klaffesvikt i andre vener.

Illustrasjon: Lyske (t.v.) og bakside lår.

Skygg unna klinikkar/sjukepleiarar som tilbyr behandling av åreknutar og sprengde blodkar med IPL! Det fungerer overhodet ikkje på åreknutar og knapt på sprengde blodkar på beina. Risikoen for skade med arrdanning er stor og anbefalast ikkje. Søk legespesialist for denne type behandling.
Toggle