Slapp muskulatur / Oppstramming

Vil du ha hjelp mot ømme og stive musklar, treng du oppstramming av slappe muskelgrupper, lymfedrenasje eller er du ute etter avspenning og velvære?

TEIsystemet er ei ny og meir avansert utgave av Kestos, med fleire program. Fordelen med tillegg av varme er at muskelen får auka blodforsyning og vert og på den måten bedre førebudd når stimuleringa startar. Med auka blod- og lymfesirkulasjon vert muskelcellene tilført meir næring og surstoff.

Behandlinga har positiv effekt på cellulitt i tillegg til den reint muskelstimulerande effekten. I motsetnad til eldre typar muskelstimulatorar opplevast ikkje denne smertefull.