Behandlinga

Vi bleiker tenner med hydrogenperoksid (H2O2) som vanlegvis er oppløyst i ein gel. Konsentrasjonen varierer etter behandlingsmåten. Når H2O2 kjem i kontakt med misfarga stoff i tannemaljen spaltes stoffa og tennene lysner.

Vi tilbyr fleire alternative metoder

  1. Bleiking  på klinikken i løpet av 30 – 60 min. Tida avheng av graden på misfarginga. Tannkjøtet beskyttes med ein barriere-krem som herdes til ein fast beskyttande masse. Deretter påføres H2O2 37,5% på tennene og prosessen påskundast ytterlegare ved hjelp av spesiallampe.
    Ein kan bleike opp til runder a 10 min, avhengig av pasientens behov. Dette er den mest effektive metoden. Behandlinga vert utført av tannlege.
  2. Bleiking med skinne for heimebruk. Skinna vert individuelt tilpassa etter avtrykk hos tannlegen.
    H2O2-gel med 9% styrke leveres i tuber. Pasienten bruker skinna med gel 1 t morgen og kveld (alternativt 2 t kveld) i ei vekes tid eller til ein er fornøgd med resultatet.
  3. Heimebleiking: Settet består av 6 tuber med H2O2-gel 7 % og gummiskinner som du tilpasser sjølv ved å putte dei i varmt vatn for deretter å ta avtrykk oppe og nede. Dette er den enklaste og billegaste måten å bleike tenner på, men metoden er svak og eignar seg best på liten grad av misfarging.
  4. PolaPaint: Oppløysing med 8 % karbamidperoxid. Dette er beregna for oppfriskning etter klinikkbleiking. Stoffet skal penslast direkte på tennene og stivnar etter eit par minutt. Stoffet kan vere på opptil 1 time pr dag. Penslinga kan gjentakast til tilfredsstillande effekt er oppnådd.
    PolaPaint har lite eller ingen effekt på tenner som ikkje har vore behandla tidlegare.