Skjemmande blodkar, karnøste (“cherryspot”, “redspot”, “spider”), fødselsmerke, hemangiom, føflekkar og pigmentflekkar.

Behandling med MedArt 435 diodelaser
(Bølgjelengd på 810 nanometer, spotsize 1,2 – 4,0 mm)

Prinsippet for all laserbehandling er kontrollert varmeutvikling, dvs ein form for “brannskade” som fører til at flekken eller lesjonen som er målet for behandlinga vert “drepen”. Energien i det raude laserlyset vert absorbert av fargestoff og omdanna til varme. Fargestoffet i blod er det raude hemoglobinet og i føflekkar og pigmentflekkar brunaktig melanin. Desse stoffa finst inne i levande celler som vert øydelagde av laserbehandlinga. Varmen som utviklast i samband med laser mot blod øydelegg ikkje berre dei raude blodlegemane, men varmen vert og leda ut i blodåreveggen som er det eigentlege målet for denne behandlinga. Blodårer frå mikroskopisk – til nokre få mm i dimensjon kan dermed øydeleggast. Restar av celler og vev vert tatt hand om av kroppens immunforsvar og eliminert over tid.

Behandlinga

Diameteren på laserstrålen (spotsize) veljast ut frå storleiken på blodåra eller føflekken/pigmentflekken og etter kvar den sit på kroppen. Smerta er moderat ved behandling av små blodkar, men aukar med storleiken på lesjonen. Store vener og åreknutar egnar seg difor dårleg for utvendig laserbehandling. Dei kan behandlast med innvendig laserfiber eller sprøytesklerosering.
Kjøling før og etter behandling er viktig for å beskytte huda mot forbrenning. Farren for dette aukar med storleiken på lesjonen. Difor er det viktig at du ikkje er solbrun når du skal ha laserbehandling, då naturlig pigment/brunfarge også varmast opp. Kontrast mellom lys hud og mørk lesjon er det beste utgangspunktet.

Pigmentflekkar

Pigmentflekkar sit i det øvste hudlaget. Melaninet inne i cellene vert oppvarma. Dette fører til at cellene vert øydelagde. Huda over får ei tynn skorpe som fell av innan ei veke. Deretter vert huda lys rosa ei tid før den normaliserast. Etter denne behandlinga er det endå viktigare å beskytte seg mot sollys. Det bør gå minst 3 mnd og helst endå lengre. Likevel kan enkelte få kvite flekkar etter behandling med laser. Det kan diufor vere lurt å ta eit par flekkar først for å sjå korleis huda reagerer før ein startar på omfattande behandling av større område. Dette er viktig i forhold til depigmentering, men også for å bedømme den einskildes tendens til hypertrofiske (breie og opphøgde) arr / keloid.

Føflekkar

Her vert godarta føflekkar omtala: Dei skil seg frå pigmentflekkar ved at dei er “opphøgde” i større eller mindre grad, og mikroskopisk ser ein at pigmentcellene ligg i fleire lag i huda og går djupare ned. Pasienten har hatt dei i mange år og dei har ikkje endra seg. Dei er jamne i fargen og skarpt avgrensa.