Laserkirurgi

Laserkirurgi kan vere eit godt alternativ til tradisjonell kirurgi i mange tilfelle.
Eksempel på dette er fjerning av mindre vorter, hudfibrom osv.

Hudfibrom, før og etter inngrep

Fjerning av føflekkar

Laserbehandling av føflekkar er omdiskutert og generelt er hudlegar skeptiske. Så vidt vi forstår eg grunnen til skepsisen at ein ikkje kan følgje med om der kjem teikn til ondarta utvikling av føflekk-kreft. På den andre sida vil tidleg og total fjerning av føflekkar eliminere fara for ondarta uvikling.
Det er ein potensiell risiko for ondarta utvikling i ein føflekk som vert utsett for gjentatt soling og evt solforbrenning over år.

Hudfornying: FrX Co2

Før behandling og 3 veker etter behandling med Co2 og diodelaser

Klinikk Førde gjer ei grundig individuell vurdering.
Ved mistanke vert flekken fjerna kirurgisk eller teke prøve av før evt fjerning med laser.
Alle som har fjerna føflekkar med laser (men også ved frysing osv) må følgje med det behandla området minst eitt år etter behandling. Etter laserfjerning hender det at flekken kjem attende heilt eller delvis, og at det kan bli naudsynt med oppfølging for å fjerne restar.

Bilete: Før og etter fjerning av 20 føflekkar.

 

NB: Frå medio august 2014 vil KF ha hudlege som kan undersøke føflekkar med dermatoskop.

Tryggleiksreglar

  • Det er kun legar som kan tilby og vere ansvarleg for medisinsk behandling.
  • Sjekk kven som er ansvarleg lege før du vel behandling med laser, IPL og injeksjon.
  • Legeklinikkar har den høgste kompetansen og det beste utstyret.
  • Rimeleg utstyr og manglande kompetanse fører til dårleg resultat og fleire skadar.
  • Klinikkar/salongar utan medisinsk ansvarleg lege har ikkje høve til å behandle med laser klasse 4 og høg- kvalitets IPL.

Toggle