Generell kirurgi

Om generell kirurgi

Klinikk Førde har spesialist i generell kirurgi som tilbyr diverse inngrep som kan utførast i lokalbedøving.
Huda vert som regel lukka intracutant. Det går ut på å sy att like under hudkanten. Tråden synast ikkje og er resorberbar. Det vil seie at kroppen løyser den opp. Dei fleste typar slik tråd eliminerast på nokre få veker. Arret blir som ein strek og ein slepp tverrstriper, noko som kjem etter tradisjonelle hudsting som skal fjernast.

Døme på ingrep

  • Fjerning av ymse hudlesjonar som vorter, føflekkar, hudfibrom, lipom (feittkular), atherom (talgcyster) mm
  • Korreksjon av øyreflippar som er delt av tunge anheng
  • Arrkorreksjon
  • Sterilisering av menn (Vasektomi)