Dermatologi (hudsjukdom)

Pasientar kan bestille time direkte hos oss eller tilvisast frå fastlege.

Han kan tilby diagnostikk og behandling av hudsjukdom:

  • Vurdering og behandling av føflekker, akne, rosacea, vorter og utslett.
  • Småkirurgi, shave, curettage.
  • Dermatoskopi. (spesiallampe med forstørring for grundigare vurdering av hudlesjonar).
  • Bakteriologiske prøvar.
  • Hudavskrap (skarp skje) for sopp-prøver m.a.
  • Canthacur (middel mot vorter).
  • Arrbehandling og frysebehandling.

Spørsmål hudlegen gjerne vil ha svar på:

  • Har du tidligare søkt lege for problemet ditt? Korleis virka det?
  • Beskriv plagene du har (smerte, kløe, svie osv).
  • Har du sjøl tankar om årsaken vil han gjerne høyre det.
  • Oppgi om du har andre sjukdomar du trur har betydning.
  • Ta med medisinliste.