Hudbehandling med medisinsk laser og IPL

Det finst eit utal av ulike laser- og lysapparat for medisinsk bruk. Kvalitet og yteevne varierer stort. Våre laserapparat (laser klasse 4) og Quantum IPL (Intense Pulsed Light) er dokumentert effektive gjennom vitskaplege studiar publisert i medisinske tidsskrifter. Merk: Desse kan kun nyttast av medisinsk personell. Det skal vere lege tilstades på klinikken i følgje skjerpa reglar frå Statens Strålevern.

Vi har 4 ulike laserapparat og eit IPL-apparat. Apparata nyttast mest for behandling utapå huda for demping av arr, betring av rynkar, mot sprengde blodkar, hårfjerning, fjerning av pigmentflekkar, vorter, føflekkar mm. Dessutan har vi laser for tilkopling av laserfiber for innvendig behandling av åreknutar. Vi vil vise til eigne sider for dei enkelte behandlingsområda.

Virkemåte og tekniske opplysningar

Grunnprinsippet for medisinsk laser og IPL (Intence Pulsed Light) er at lysenergi vert omdanna til varmeenergi.  Det er ikkje lyset i seg sjøl som utøver effekten, men varmen.
Behandlinga er ein balansegang mellom tilstrekkeleg og skadeleg lysenergi. For lite lysenergi gjev for lite varme og vil vere uverksam. For mykje lysenergi kan gje hudforbrenning.

Når kraftig nok lys treff pigment blir det utvikla varme. Dei pigmenta som er aktuelle i desse samanhengar er melanin som er brunfargestoffet i huda, eller hemoglobin som gir raudfargen til blodet.
Med å variere bølgelengda på lyset kan ein optimalisere effekten mot det ønska pigmentet.

  • For å fjerne pigmentflekkar må ein nytte lys som absorberast godt av brunt pigment.
  • For å fjerne hår må ein nytte lys som absorberast godt av brunt eller svart pigment.
  • For behandling av blodårer nyttar ein lys som absorberast godt av raude pigment.

Naturleg sollys, eller synleg lys, er samansett  av lysbølgjer med bølgjelengd i området 400 – 700 nm. Ulike apparat sender ut lys med ulik bølgjelengd i området frå synleg lys og oppover i det infraraude området (700 – 2940 nm). CO2 laser gjev usynleg lys med 10600 nm bølgjelengd. Medisinske laser– og lysapparat gjev ikkje ultrafiolett stråling (1 – 400 nm) og ein kan dermed ikkje bli ”solbrent” i vanlig forstand. Solforbrenning merkast som kjent best etter nokre timar, medan forbrenning med desse apparata merkast umiddelbart. Det er høgst varierande kvalitet på lysapparat (IPL), alt frå ei blinkande blitzpære som lett brenn huda – til nøye kalibrert og filtrert lys som gjev optimal behandling av blodkar og pigment.

Type hudproblem, type hud og den einskilde pasienten sin respons på behandlinga varierer.
Ofte kan ein få ei god peiling på effekten med det same og ein kan starte behandling direkte.  Andre gonger bør ein prøvebehandle berre eit lite hudområde og la det gå nokre dagar for å kunne gjere ei kvalifisert bedømming av effekten.  Dermed kan ein finsikte apparatinnstillingane for den einskilde pasient.

Mørk hud absorberer mykje lysenergi og blir lett brend av laserbehandling. Kvit hud absorberer lite og toler høg energi utan å ta skade. Dersom det er ei jamt farga hudoverflate vert varmen likt fordelt.  Dersom hudområdet har store kontrastar kan ein utnytte det. Ved behandling mot uønskt hårvekst er målet å øydelegge hårrota ved å oppnå så høg temperatur i dei hårproduserande cellene at dei døyr. Dei ideelle omstendene for slik behandling er svarte hår på kvit hud.
Ved sprengte blodkar på beina gjer liknande betraktningar seg gjeldande.

Om lysenergi og lyspulsar

Avlevert lysenergi eller intensitet målast i watt (W). Lyspulsen kan ha ulik varighet og målast i millisekund (ms) og kan variere stort frå 1 – 1.000 millisekund. (1 ms = 1/1.000 sekund) Totalt avlevert effekt er eit produkt av dei to nemnde parametrane og målast i Joule/cm2.

Om laser

Laser er eit akronym som står for Light Amplification by Stimulated Emission of Radiation.
Ultrafiolett lys eller stråling med kortare bølgelengd enn 400 nm, og  infra-rødt lys med bølgelengder 700 – 2940 nm er usynleg for våre auge.
Ein bestemt laser avgir intenst lys i berre ei bølgelengd, men ein kan nytte mange forskjellige stoff som lyskjelde og ulike lasertypar får dermed ulik bølgelengd.
Det finst mange forskjellige medisinske laserapparat for ulike formål og med forskjellige bølgelengder. Bølgelengder er  i området frå synleg lys og oppover i det infraraude området.

Klinikk Førde kan tilby

  • Diode-laser:  810 nm. – Med forskjellige tilsatsar kan den m.a. nyttast til hårfjerning og til innvendig behandling av åreknutar.
  • YAG-laser:  1064 nm. – Utvendig behandling av sprengte blodkar m.a.
  • CO2 laser:  10600 nm. – Forsats for Fraxell-laser:  Hudfornying, oppstramming.
  • Forsats for ”strålekniv”

Laserfiber til innvendig bruk for behandling av åreknutar.

Om IPL

Dette akronymet står for Intense Pulsed Light. Apparatet avgir eit intenst blitzliknande lys.
Lyskjelden er ingen laser og lyset er i utgangspunktet breispektra, men ulike filter kan settast inn og fjerne lys under ei nedre og/eller over ei øvre bølgelengd.  Den avleverte lysenergien kan såleis samlast kring eit relativt smalt bølgelengdområde og kunne avgi nok energi til å gi medisinsk effekt.
På marknaden finnast mange ulike lysapparat med høgst ulik kvalitet og yteevne. Apparat som yter for lite energi til å kunne gi varig effekt finst det ein del av.
Mange lysapparat vert feilaktig marknadsført som laser.

IPL nyttast mot pigmentflekkar i ansiktet og mot cuporose. Vi viser til eigne omtalar.

Du må unngå soling, solarium,  sjølbruningskrem og bruningstablettar 3 veker før og etter laserbehandling. Dersom du oppheld deg utandørs må du bruke høg faktor i denne perioden. Du kan deretter sole deg, men hugs at sol aldrer huda.
Måtehald er fornuftig for å bevare huda sunn og frisk lengst mogleg.
Toggle