AWT (Acoustic Wave Therapy) – Trykkbølgebehandling

Endelig ei behandling som virker mot cellulitt!

AWT vart opprinnelig utvikla og brukt til knusing av nyrestein…såkalla steinknusing. Seinare vart trykkbølger brukt innen fysikalsk behandling på ledd og muskelskader. Stortz medical har no optimalisert teknologien for å ha spesifikk effekt på cellulitt.

Cellulitt, eller appelsinhud, rammer 85 – 98 % av alle kvinner (uavhengig av rase) i større eller mindre grad i løpet av livet. Tilstanden er mest uttalt hos overvektige og etter overgangsalderen.

Cellulitt-hud er karakterisert av ujamn og knudrete overflate med matt farge. Huda kan og vere litt oransje og derav kjem namnet appelsinhud.

Det er to hovudårsaker til cellulitt

  1. Under huda finst elastiske fibrar. Fibrane er festa i undersida av overhuda, strekker seg gjennom underhudsfettet og i nedre enden festar fibrane mot underliggande muskelhinne eller beinhinne. Normalt er desse fibrane elastiske. Med åra vert dei meir og meir uelastiske og kan stivne saman i tjukkare drag (septae). Mellom desse stivare fibrane og draga klumpar underhudsfettet seg saman. Dei fibrøse draga drar festepunkta under overhuda ned, fettansamlingane mellom bular opp og appelsinhuda er eit faktum.
  2. Cellulitt påverkar blodomløpet negativt. Drenasjen av lymfe (vevsveske) vert og redusert. Svullen og ujamn hud vert resultatet.

Behandling med AWT

AWT virker på begge faktorane som er nemnt over.
Trykkbølgene gir auka blodgjennomstrømming. AWT virker fysisk på bindevevet og bryt ned dei faste fibrøse draga.
Ein biokjemisk prosess som frigjer NO (Nitrogenoksyd) vert stimulert. NO virker direkte på blodåreveggen og fører til utviding av små årer (vasodilatasjon) samt danning av nye blodkar (neovaskularisering).
Bedre blodsirkulasjon i huda fører til raskare cellefornying.  Avfallsprodukt vert brote ned og frakta bort meir effektivt.
Normalt vil ein sjå betring etter 5 behandlinger, men celler og vev treng lengre tid på å nå den fornying og omstrukturering som er oppnåeleg. Difor må ein pårekne 3 mnd etter endt behandlingserie før endeleg sluttresultat kan vurderast.

Kvinner klager ofte over kuldekjensle i cellulitt-affisert hud. Årsaken kan vere dårlig blodsirkulasjon.
Generelt aukar blodsirkulasjonen ved aktivitet. I arbeidande muskulatur vert blodsirkulasjonen mangedobla. Mikrosirkulasjonen ytterst i huda hos kvinner med cellulitt aukar ofte ikkje mykje.

Kosthold og livsstil virker inn. Røyking, alkohol, overvekt og usunt kosthold er ugunstig.
Fysisk aktivitet er sjølsagt bra. Dess meir muskelmasse dess mindre cellulitt.

CELLULITT SKAPAR MEIR CELLULITT!

Hjelper behandlinga på alle?

Alle blir bedre, men ikkje alle blir like bra. Responsen på behandlinga varierer frå person til person. Det kan vere ulike årsaker som alder, sjukdom (kjent eller ukjent), hormonforstyrringar, røyking m.m.
Behandlingsgaranti kan ein derfor ikkje gi på førehand.

Dei fleste vil sjå betring etter 5 behandlingar.
Ein må pårekne 8 – 12 behandlingar på om lag 30 min pr område. Tidsbruk avheng sjølsagt av storleiken på hudområdet.
Etter kvar behandling er det viktig å drikke rikelig med vatn

Dokumentasjon

Klinikk Førde dokumenterer med bilder og mål før – og etter behandlingserien.

Tilleggsbehandling

For å optimalisere sirkulasjonen etter AWT kan det vere gunstig med TEI-behandling. Dette er elektrostimulering av muskulatur samt infraraud varme.
TEI forlenger m.a. fasen med utvida blodårer og dermed dei gunstige effektane som er nemnt over.
I tillegg gir TEI-behandlinga avslapping og velvære.