Solskadd hud

Ultrafiolett stråling ( UV – stråling) står for 80 – 90 % av all hudaldring.
Hudkreft, pigmentflekkar, sprengte blodkar, grov porete og tjukk hud kan i hovedsak tilskrivast ufornuftig soleksponering.

Kvifor er sola farleg?

UV stråling er ein del av dagslyset og er skadeleg for huda.
Vi har tre typer stråling, UVC, UVB, UVA. Dei mest skadelige strålande er UVC, men ozonlaget i atmosfæren absorberer desse. UVB påvirker mest det ytterste laget av huda og gir den etterlengta brunfargen. UVA strålane er dei farlegaste for oss då dei går ned i mellomskiktet av huda ( dermis) og starter ein prosess med danning av frie radikaler som fører til overproduksjon av nedbrytende enzym som skader hudcellene. DNA skades og nye celler, som dannes heretter, produserer nye skadde celler og resultatet vert tørr, slapp og rynker hud med brune flekker og sprengte blodkar.

Naturlig A – vitamin i huda vert redusert. A – vitamin i huda er heilt nødvendig for normal utvikling og nydanning av friske celler. Difor er tilførsel av A – vitamin, som er mest effektiv i syreform, nødvendig for stimulering og fornying av solskadd hud. A- vitaminsyre ( tretinoinkrem) er reseptbelagt og er ein viktig del av Obagi NU derm.
Auka tilførsel av antioxydanter, t.d C- vitaminserum, kan forebygge og bremse effektane av frie radikaler.

Hudkreft

Norge har flest dødsfall pga hudkreft, omlag 350 pr år og nye tilfeller ligg årleg rundt 1700.
Tendensen viser stadig yngre med denne alvorlege diagnosen og eit forbud mot solarium for personer under 18 år kom i 2013.
Husk Solarium er 10 til 15 gongar sterkare enn vanlig sol og 20 timar i solarium tilsvarer omlag 1,5 år med normal soleksponering.
Personer med lys hud som soler seg intens i korte perioder har størst risiko for å få hudkreft.
Å bli skikkeleg solforbrent ein gong dobler risikoen for å få hudkreft!

Har du føflekker bør du følge med dei og sjekke regelmessig:

  • A – asymmetri?
  • B – border/ujevne kanter?
  • C – color/ forskjellig farge?
  • D – diameter / størrelse- veks?

Har du ein eller fleire flekker som skil seg frå dei andre, og du kan svare ja på spørsmåla ovanfor, skal du ikkje vente med å gå til legen.

Photorejuvenation/hudfornying med Quantum IPL (Intense Pulsed light)

Med IPL teknologi vert laga i overhud og underhud stimulerte.
Huda vert fornya samtidig som djupare vev vert tilført nyttig varmeenergi.

Klinikk Førde tilbyr behandling av forskjellige hud-tilstandar som t.d. solskader, solskapte fregner, raud irritert hud, cuporose, fine sprengte blodårer i ansiktet, pigmentflekkar og rosacea, med høgkvalitets IPL.
Quantum IPL leverer eit lys som virker godt på fleire av dei nemnde tilstandane. Lyset er nøye kalibrert og kan stillast inn slik at det kan ta både blodkar og pigmentflekker i ein og same behandling.
Tek du fleire behandlingar antas det at lyset også kan ha ein generell oppstrammande effekt på hud og underhudsvev. Effekten varierer etter huda si evne til å regenerere. Behandlinga kan tilpassast den einskilde m.o.t. problem og hudtype, men egnar seg dårlig på mørk hudtype.

Korleis gjennomførast behandlinga?

Gel vert smurt på huda som skal behandlast.  Når lysimpulsen skytast kjennast eit lite stikk som snerten av ein gummistrikk. Ein vil og kjenne varme.

Før behandling, like etter behandling og etter behandling

Korleis virkar behandlinga?

Rødt eller brunt pigment i arr, sprengte blodårer og brune pigmentflekkar er målet for behandlinga. Mange er godt fornøgd etter ei behandling, medan andre vil ha 2-3 behandlingar for å optimalisere resultatet. Dei oppnår dermed effekt også i djupare hudlag over tid.

Lyset vert omdanna til varmeenergi i huda. Fibroblast-cellene, som produserer elastin og kollagen, vert stimulerte gjennom varmeenergien. Synleg effekt i form av spenstigare hud ser ein vanlegvis etter 3-4 behandlingar, men effekten varierer. Mellom dei som responderer best kan ein sjå effekt allereie etter 1-2 behandlingar.

Når det gjeld behandling av enkeltståande pigmentflekkar eller ”spiders” så foretrekker vi diodelaser.
IPL behandlinger høver best på ansikt, hals, bryst og hender.
Behandlinga kan også vere effektiv på rødming.
Behandlinga har minimalt med biverknader. Behandling av heile ansiktet tek ca 40 min. Fjerning av pigmentflekker på begge hender tek ca 30 min.

VIKTIG

Unngå soling i 3 + 2 veker som nemnt under generell informasjon.

Kvaliteten på IPL maskiner varierer stort.
Legeklinikkar har det beste utstyret og den høgste kompetansen.
Toggle