Fraxellert CO2 laser

(FRxCO2)   MedArt® 620 intens ™
(10600 nanometer)

Behandlings-prinsippet med alle typar hudlaser er å påføre huda ei form for kontrollert, overflatisk brannskade.  Dette fjernar død overhud og fører til ei viss oppstramming i huda sine djupare lag.
Den oppstrammande effekten kan ta fleire månadar!

Behandling av rynker på overleppe: FrX Co2 og Co2 laser

CO2 laser

Først litt om vanlig, ”gammeldags” CO2 laser
Tradisjonell CO2– laser sender ut ein relativt tjukk lysstråle som ”brenner” det den treff. Denne behandlingsmåten egner seg godt til å fjerne vorter, feittkuler og godarta føflekker. Etter behandlinga vert det eit overfladisk sår som gror i løpet av ei vekes tid.

”Laser- peeling” eller ”hud-sliping” med Co2-laser går ut på å sveipe over hudoverflata fram og tilbake og har vore brukt på slapp, rynkete hud og arr. Risikoen med denne behandlinga har m.a. vore at den lett tar for djupt og kan gi varige pigmentforandringar. Tross risiko for overbehandling har laseren vore mykje brukt dei seinare tiår.  Den nye teknologien med fraxellert CO2 -laser er bedre for dette bruk og har mykje mindre risiko for overbehandling og pigmentforandringar.

Hudfornying: FrX Co2

Før behandling og 3 veker etter behandling med Co2 og diodelaser

Fraxellert CO2 laser med scanner 459

VIKTIG: Må ikkje forveksles med “Fraxell- laser” som er utan CO2 effekt!
Laser-strålane vert sendt ut som mange ultratynne lysstrålar over eit større felt. Det kan samanliknast med å lyse gjennom ein sil. Fraxellert CO2 -laser er dermed sikrare fordi den ikkje gjev samanhengande skade av heile det behandla hudpartiet og avlevert energi er standardisert.  Tilhelinga går raskare og gir svært skjelden pigmentforandringar om ein er forsiktig med soling 3 mnd etter behandling.

Fraxellering

Behandlingshovudet er 15 x 15 mm (storleiken kan endrast) og sender ut mange adskilte laserstrålar i eit regelmessig mønster og med fast avstand mellom laserstrålane.  Ein einskild stråle er omlagd 0,5 mm i diameter.  Apparatet har 3 innstillingar for talet på strålar:

Behandlinga

Bedøvelseskrem min 30 min før behandling anbefales!
Pasienten kjenner ei stikkande varmekjensle, som varer om lag ein halv time (noko lengre på bryst og hals). Tal behandlingar avheng av kva problem som skal behandlast, hudtype, styrken ein bruker og kor djupe rynkene er.
Eks Djupe overlepperynker treng fleire behandlingar og gjerne i kombinasjon med CO2-laser.

OBS: Co2 laser

Rein Co2- behandling på tynn hud under auger (som vart mykje brukt berre for 5 – 10 år sidan) er dårlig eigna pga stor risiko for å gå for djupt med varig pigmentforandring som resultat.

Med FRxCO2 kan vi variere behandlingsareal og intensitet etter førehandsinnstilte standardar. Heil hud gjenstår mellom dei bestrålte punkta og gjer at tilhelinga går raskare. Dei bestrålte ”brennpunkt” er mikrosår som ved tilheling resulterer i ein viss hudoppstramming over tid.

Tilheling

Etter behandling vert huda raud og varm og kan bli lett hoven ein dag eller to. Etter 2-3 dager danner det seg små skorper som fell av etter 4-5 dagar på lett behandling.  Etter sterk behandling kan raudfargen og skorpene sitte opp til 2 veker, men oftast er skorper og den intense raudfargen borte etter 10 dagar. Svakare raudfarge kan for enkelte vere til stades i fleire månadar etter behandling. Uansett skal laserbehandla hud ikkje ha sol på minimum 8 veker etter behandling.

Før behandling, 4 dagar etter behandling og 1 mnd etter behandling

Fraxellert CO2 laser kan brukast på dei fleste kroppsregionar og eignar seg for

  • Moderat slapp og rynkete hud på ansikt, under auger & ”kråketær”
  • Arr og aknearr
  • Store porer
  • Melasma og pigment-flekker
  • Rynker,  t.d. overleppe
  • Strekkmerke
  • Oppstramming av hud på hender, hals og bryst