Fraxellert Co2 laser

(FRxCO2) MedArt® 620 intens – (10600 nanometer)

Behandlinga passar for rynkete hud, arr, store porer og pigmentflekkar. Behandlings-prinsippet med alle typer hudlaser er å påføre huda ei form for kontrollert, overfladisk brannskade.  Dette fjerner død overhud samtidig som dei djupare laga i huda blir stimulert.

Obs: Den oppstrammande effekten kan ta fleire månader!

Fraxellert Co2 laser med scanner 459

Denne må ikkje forveksles med “Fraxell- laser” som er utan CO2 effekt!
Laser-strålane vert sendt ut som mange ultratynne lysstrålar over eit større felt. Det kan samanliknast med å lyse gjennom ein sil. Fraxellert CO2-laser er dermed sikrare fordi den ikkje gjev samanhengande skade av heile det behandla hudpartiet og avlevert energi er standardisert. Tilhelinga går raskare og gir svært skjelden pigmentforandringar om ein er forsiktig med soling 3 mnd etter behandling.

Bildet til venstre viser rynker på overleppe før behandling.
Bildet til høgre er etter behandling med FrxCo2, CO 2 laser og Restylane Lipp.

Behandlinga

Bedøvelseskrem min 30 min før behandling anbefalast!
Pasienten kjenner ei stikkande varmekjensle, som varer om lag ein halv time (noko lengre på bryst og hals). Tal behandlingar avheng av kva problem som skal behandlast, hudtype, styrken ein bruker og kor djupe rynkene er.
Eks Djupe overlepperynker treng fleire behandlingar og gjerne i kombinasjon med CO2-laser pga tjukk hud (hyperkeratose).

OBS: Co2 behandling under auger

Rein Co2- beh under auger (som vart mykje brukt berre for 5 – 10 år sidan) er dårlig eigna pga tynn hud og risiko for å få varig pigmentforandring som resultat.
Med FRxCO2 kan vi derimot variere behandlingsareal og intensitet etter førehandsinnstilte standardar. Heil hud gjenstår mellom dei bestrålte punkta og gjer at tilhelinga går raskare. Dei bestrålte ”brennpunkt” er mikrosår som ved tilheling resulterer i ein viss hudoppstramming over tid.

Tilheling

Etter behandling vert huda raud og varm og kan bli lett hoven ein dag eller to. Etter 2-3 dagar dannar det seg små skorper som fell av etter 4-5 dagar på lett behandling.  Etter medium behandling kan raudfargen og skorpene sitte opp til 2 veker, men oftast er skorper og raudfarge borte etter 10 dager. Etter sterk behandling kan ein vere raudleg i 2-3 månadar.

Kan brukast på dei fleste kroppsregionar

Fraxellert CO2 laser kan brukast på dei fleste kroppsregionar og eignar seg for:

  • Moderat slapp og rynkete hud på ansikt, under auger & ”kråketær”
  • Arr og aknearr
  • Store porer
  • Melasma og pigment-flekker
  • Rynker,  t.d. overleppe
  • Strekkmerke
  • Oppstramming av hud på hender, hals og bryst