Azzalure og Botox

Azzalure og Botox vert brukt for å glatte ut rynker. Aktuelle områder for behandling  er m.a. ”sinterynka” mellom augebryna, i panna og små rynker i augevinkelen.

Azzalure og Botox inneheld eit toxin frå Clostridium botolinum bakterien. I svært fortynna form og i små doser vert stoffet injisert med tynn kanyle i det aktuelle området. Det er svært liten risiko for biverknader med dei små dosane det her er snakk om. Azzalure/Botox blokkerer nerveimpulser til små ansiktsmuskler og hindrer desse i å trekke seg sammen. På det viset vert overliggande hud glatta ut.

Azzalure/Botox egnar seg best på djupe furer i panne, sinterynke og fine linjer rundt auger, Dersom middelet vert brukt ukritisk på for mange ansiktsområde kan ein få eit glatt, men mimikkfattig og unaturlig ansiktsuttrykk.
Rett brukt skal Azzalure/Botox virke over små og tilsikta område, og ikkje på andre, nærliggande muskelgrupper. Utilsikta kan det skje, og dette er ein kjent, men sjeldan biverknad.

Klinikk Førde har 10 års erfaring i behandling med botulinumtoxin type A
Toggle

 

Kor lang tid muskellamminga varer er avhengig av konsentrasjonen av stoffet. Størst konsentrasjon finst sjølsagt akkurat der middelet er deponert for så gradvis å avta til 0 over kort avstand.
Azzalure/Botox injiseres med ei engangssprøyte med svært tynn spiss. Fordi sprøytespissen er så tynn er det lite ubehag med behandlinga. Behandlinga tek ca 15 min avhengig av kor mange områder som skal behandlast.

Pasienten kan gjenoppta arbeidet umiddelbart etter behandlinga. Dei fyrste  timane etter behandlinga må ein ikkje gni eller massere området som er behandla. Derimot er det gunstig å bruke muskelen som er blokkert så mykje som mogleg etter eit par timer. Det kan ta opptil 2 veker før du har full effekt av behandlinga.

Før og etter behandling

Overgang frå Botox til Azzalure

Klinikk Førde har i løpet av 2013 gått gradvis over frå Botox til Azzalure .
Utifrå dei gode erfaringane er planen å gå heilt over til Azzalure i løpet av 2014.