Behandling med IPL

Behandlinga medfører litt smerter avhengig av mengden av blodkar.
Dei fleste vil få ei betydeleg varmekjensle like etter behandling. Denne avtar spontant innan eit døgn. Like etter behandlinga vert og alt raudt raudare.
Raudnaden avtar gradvis i løpet av  kvelden/dagen etter, til slik den var før behandlinga. Etter 2-3 behandlingar minkar intensiteten i raudfargen for kvar gong.

På store område med mykje blodkar el. raudnad kan ein ikkje bruke same høge energien fordi det vil medføre for stor varmeutvikling og risiko for brannskade. Effekten må difor komme gradvis etter fleire behandlingar med lågare energi. Dermed blir det dyrare for pasienten å få behandle diffus cuporose enn enkeltståande flekkar.
Behandlingsprinsippet er det same. Varmeenergien frå IPL- lyset koagulerer blod og øydelegg nokre av dei blodkara som ligg ytterst i huda. Kroppens eige immunforsvar bryt ned og fjernar avfallsprodukta. Raudnaden vert redusert eller forsvinn. Kor fort dette skjer kan variere frå individ til individ. Det er ikkje noko til hinder for å nytte sminke etter behandling om nødvendig.

Viktig

Du må unngå soling, solarium og solbruningskrem på område som skal behandlast min 3-4 veker før behandling. Etter behandling og ved opphald i sol må du bruke høg faktor (min 20), eller dekk til dei behandla områda. Først etter 4 veker kan du eksponere deg som normalt, men husk at overdreven soling fører til hudskader og tidlig hudaldring!