Permanent hårreduksjon med diodelaser

Diodelaser med bølgelengd på 810 nanometer er vitskapeleg dokumentert å vere den beste for permanent hårreduksjon. Klinikk Førde to av dei best dokumenterte diodelaserane:

  • LightSheer frå Lumenis
  • MedArt 435 frå Asha Medico.

OBS!
Det vert i dag gitt tilbod om hårfjerning med ymse rimelege lysapparat (IPL). Mange av desse held ikkje mål
ettersom bølgelengda på lyset ikkje er optimalt og den temperaturen som vert oppnådd i hårrota er
utilstrekkeleg for å gje permanent hårreduksjon. Slike apparat kan i beste fall forsinke veksten nokre
månader. Risikoen for brannskade er større enn ved diodelaser.
Statens strålevern krever lege på klinikken for å kunne behandle med diodelaser (laser klasse 4)

Les meir: Skjerpa reglar frå Statens strålevern vedr bruk av laser og IPL

Kva skjer?

Moderne laser-apparat er høgteknologi som fordeler energien optimalt. Det er gjort omfattande berekningar og utprøvingar mot kva for innstillingar som er best ved forskjellige hudtypar o.l. Ein lyspuls med høg intensitet over kort tid kan gi samme totaleffekt som lågare intensitet over lengre tid. Vi har og dei beste laser-apparata som kan regulere watt-styrke og varighet av lyspulsen mellom få ms (millisekund) opptil 1000 ms (= 1 sek).
Lyset og varmen vert leda i håret ned til rota.
Kun når dei hårdannande cellene i rota er øydelagde er håret vekke for godt.
Laseren har kjølesystem. Dette beskyttar det ytterste hudlaget og lindrar smerte. Noko smerte er likevel ikkje til å unngå.
Ved lyse hår kan vi tilby forbehandling med ein spesialspray (Meladine) for farging.  Dette er ikkje som vanleg hårfarging, men krev  påføring 2 gonger dagleg i fleire veker for å mette håret med fargestoff. Det er ikkje alle som har tolmod  til å gjennomføre dette (sjå eigen info om farging og effekten ein oppnår gjennom farging kan variere).

 

Før og etter 5 behandlingar

Kvifor fleire behandlingar?

Det er kun hår i vekstfase som let seg behandle. Andelen hår som er i vekstfase til ei kvar tid varierer mellom ulike kroppsregionar. Behandlinga må difor gjentakast eit visst antal gonger i løpet av eit år, til så mange som mogeleg av hårrøtene er øydelagde.
Tal behandlingar varierer etter hårfarge, hudfarge og kroppsregion. Ryggen er ofte eit problemområde.
Vanleg i løpet av eit år er 4 – 6 behandlingar med 6 – 12 vekers intervall.

Før behandling

Ein bør ikkje vere nybehandla med voks, elektrolyse, epilator eller napping. Ein skal ikkje ha sola seg i noko form; naturleg, solarium eller sjølbruningskrem, i minimum 3 veker før behandling. I 1-2 månader før behandlinga må ein gjerne barbere seg ofte for å stimulere hårveksten (få fleire hår i vekstfasen).

Kvifor er behandlinga relativt kostbar?

Medisinske laser-apparat er svært kostbare i motsetnad til billege IPL- apparat, som har vore markedsført som laser utan å vere det. Dømt ut frå dette, samt tilegning av kompetanse, er ikkje prisane spesielt høge. I det lange løp kan hårfjerning med laser vere eit bedre og billegare alternativ enn andre behandlingar som ikkje er permanente og stadig må gjentakast.
Ein kan ikkje garantere at det ikkje kjem litt ettervekst etter lengre tid. Alle hårrøtene i eit område treng ikkje vere 100% øydelagde og etter ei tid kan overlevande hårrot-celler byrje å danne defekte og tynne hår. Denne gjenveksten er langsam og spredt. Dei fleste pasientane ser det ikkje som noko stort problem, men kan evt ta etterbehandling ein gong i året. Denne vil vere mykje mindre omfattande og balastande enn primærbehandlinga.
Andre faktorar som kan påvirke ettervekst er sjukdom, hormon-påverknad, enkelte typar medikament m.m.

Våre to diodelasere med bølgelengde 810 nm (nanometer)

LightSheer frå Lumenis og MedArt 435 frå Asha Medico utfyller kvarandre.
MedArt laserhovuda har ulik utforming, noko som gjer at ein kan komme til og tilpasse behandlinga fleksibelt og arbeidseffektivt på ulike kroppsområder. Lightsheer nyttast mest på relativt tynne hår, som krev høg energi og kort pulstid, for å destruerast.

LightSheer
1000w opptil 400ms.
Brenn bort håret i overflata samtidig som den tar røtene og håra fell av etter få dagar.

MedArt 435
85w – Opptil 1000ms
MedArt har eit kraftigare kjølesystem som ved full effekt beskytter hudoverflata svært godt.  Den brenn ikkje håra i overflata så kraftig som den andre, men er konstruert slik at energien skal ledast til rota i størst mogeleg grad.  Det kan ta over ei veke før håra fell av. Denne laseren er best eigna for mørkare hud og tjukkare hår, grunna den lange pulsdurasjonen (opptil 1000ms).

Vi velg type diodelaser ut frå hårtjukkelse, kor tett veksten er og hudfarge. Siste behandling er oftast med LightSheer ettersom veksten då er spredt og håra tynne.