Årsak

Mange unge opplever problemer med urein hud eller kviser på eit eller anna tidspunkt. Aknehud er ofte eit resultat av hormonendringar som igjen fører til blokkering og oppsvulming av talgkjertlar nær hårsekkane i huda.
Det er derfor viktig å behandle talgproblema før dei utvikler seg til betente kviser som igjen kan føre til arr.
Behandlinga går ut på å forebygge og redusere utviklinga av komedoner (hudormar) ved hjelp av kremar som exfolierer/flasser av døde hudceller og opner utførselsgangen slik at opphopninga av talg vert redusert.
Det finnast i dag fleire reseptbelagte produkt med denne eigenskapen som fastlegar og hudlegar ofte benyttar.
Når folk kjem til vår Klinikk er det ofte fordi dei ikkje har oppnådd tilfredstillande effekt av tidlegare behandling og dei ynskjer, av diverse grunnar, ikkje å gå vidare på tradisjonell behandling med antibiotika og til sist evt Roaccutan.

Behandling

Vi bruker i hovudsak Tretinoinkrem 0,1 % (Obagi Nu derm), Clenziderm (Bezoylperoxid & salisylsyre) kombinert med kjemiske peel underveis i den medikamentelle behandlinga. I tillegg er mekanisk rensing og diverse lysbehandlinger sentralt i behandlinga. I einskilde tilfeller kan også vår behandling omfatte antibiotika, dersom det dreier seg om inflamatorisk akne.

Betent komedogenakne behandlar vi konservativt med mekanisk rensing, lys og diverse reseptbelagte kremar. Pasientar med komedogenakne vil berre ha ein forbigåande effekt av antibiotika, om årsaken til problemet (dvs hudormane) fortsatt er der sjølv om betennelsen er slått tilbake.
Det viktige her er derfor å fjerne, samt bekjempe utviklinga av hudormer for å unngå betennelse i desse.
Tette talgkjertlar utvikler seg ofte før eller seinare til betente kviser og ved om lag 80% av inflamatorisk akne (store, raude byllar) er Propyone-bakterien sentral i sjukdomsutviklinga.
Betennelse kan føre til arr og i enkelte tilfeller varige!